Radøy sokn

Kyrkjemusikk

Organisten har hovudansvaret for det kyrkjemusikalske livet i soknet
J.William Kay - Organist
Tlf 915 91 482 / Epost

Bacherlorgrad BMus(Hons) frå Universitetet i Huddersfield.
Organistdiplom ARCO frå Royal College of Organists.

Var organist i Stranda kommune 1996-1999, kantor i Sykkylven frå 1999-2002. Har vore organist i Radøy kommune sidan 2002.
Kor
Det finst 4 barnekor og 1 vaksenkor i soknet som du kan vera med på:

  • Baluba
  • Friends
  • Sæbø barnekor
  • Hordabø mini- og barnekantori
  • Radøy damekor
Plan for kyrkjemusikk
Kyrkjemøtet vedtok i 2008 for første gong ein plan for kyrkjemusikk. Planen går inn i ein serie planar og reformar vedtekne av Kyrkjemøtet. Samla legg desse til rette for ein dekkande lokal strategi. Radøy sokn skal utarbeida og vedta ein lokal plan for kyrkjemusikk hausten 2011.
Plan for kyrkjemusikk skal hjelpa til å styrka og sikra det kyrkjemusikalske livet i kyrkjelydane og kyrkja si formidling av tradisjonell og ny kyrkjemusikk.
Planen er vegleiande for arbeidet med kyrkjemusikk i kyrkjelydane. Dette er ein rammeplan som gjev kyrkjelydane eit verktøy til å utarbeida ein lokal kyrkjemusikkplan. Planen er i første rekkje av interesse for dei som har ansvar for kyrkjemusikk lokalt, særleg sokneråd og ansatte innan kyrkjemusikk, friviljuge medarbeidarar og andre som er opptekne av musikklivet i kyrkja.
Kyrkjemusikken foreinar eit åndeleg og eit musikalsk siktemål. Kyrkjemusikken tolkar og formidlar kristen tro. Den er kyrkjelyden sitt svar på Guds tale til oss, og støtter og gjev næring til det åndelege livet i kyrkjelyden.