Radøy sokn

Vigsel

Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd er det likevel mogleg å setja dykkar personlege preg på det som skal skje i kyrkja. De kan velja salmar, bibeltekster, form på sjølve ekteskapsinngåinga, koma med ynskjer til organisten når det gjeld inn- og utgangsmusikk, - og, eventuelt, ha med høveleg song eller musikk i tillegg. Det kan òg pyntast til vielsen etter personleg ynskje og smak. Men hugs at alt skal vera ein naturleg del av denne kyrkjelege handlinga.

Før vigsel tek ein kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato, tid, prest og kyrkje. Ver tidleg ute med ynskje om dato og klokkeslett!
VIKTIG - Prøving av ekteskapsvilkåra
Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Ekteskapslova vart endra i 2004 slik at prestar og andre med vigselsrett ikkje lenger står for prøvinga av ekteskapsvilkåra. De må sjølve skaffe ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” frå Folkeregisteret, og ta dei med til den personen som skal stå for sjølve vigsla. Dette bør gjerast i god tid - men hugs at prøvingsattesten de får attende frå Folkeregisteret berre er gydlig i 4 månadar.

Klikk her for å laste ned skjema som skal sendast til folkeregisteret.
Forlovarar
Bruda og brudgommen kan berre ha ein forlovar kvar. Forlovarane sin primære oppgåve er å skrive under på forlovarerklæringa og vera vitne under vigsla. Det er òg naturleg at forlovarane i tillegg får nokre praktiske oppgåver under vigsla.

Bruda sin forlovar tek ansvar for brudebuketten. Den vert overrekt før ekteskapsinngåinga og vert levert tilbake etter forbøna. Dessuten hjelpar ho til med brudekjola.

Brudgommen sin forlovar kan ta ansvar for ringane og overrekkje dei dersom brudeparet skal setja på ringane i kyrkja. Det skjer umiddelbart etter ekteskapsinngåinga.
Musikk
Det er mykje fin musikk eit brudepar kan velja blant til inn- og utgang. Organisten har ein CD med fleire alternativ som de kan få låne. Det er fullt mogleg å koma med spesielle ynskjer - då er det viktig å ta kontakt med organisten i god tid. Kyrkjekontoret vil kunne fortelja dykk kven som kjem til å spela denne dagen. Repertoaret vil vera avhengig av kven som spelar til vigsla og, til ein viss grad, orgelet i kyrkja. Manger kyrkje og Emigrantkyrkja har dei mest fleksible instrument.

I vigsla kan det framførast høveleg vokal- eller instrumentalmusikk. Solistinnslag kan leggjast til tre stadar i handlinga.

  • Etter inngang
  • Etter tekstlesing (istadenfor ein salme)
  • Etter forbøn og før siste salme
Det er mykje fin musikk og mange fine salmar og songar som høver seg godt som solistinnslag eller instrumentalmusikk i ei vigsel. Kyrkjerommet er eit sakralt rom og vigsla ei kyrkjeleg handling. Dette gjer at ikkje all musikk og einkvar songtekst egner seg i kyrkja. Ved kyrkjelege handlingar skal presten godkjenne tekstar og organisten godkjenne musikken - også soloinnslag.
I kyrkja - ekteskapsløftet og skriftlesingar
Ekteskapsløftet.
Det er to alternativ å velja mellom. Den gamle varianten der brudeparet svarar ja to gonger eller det nye der brudeparet gjentar løftet etter presten etter først å ha svart ja ein gong.

Tekstlesing
I den nye vigselsordninga er det lagt opp til større deltaking frå bryllaupsfylgjet - ikkje berre på val av salmar, musikk og pynting.

Brudeparet kan no også velja kva Bibeltekstar dei ynskjer skal verta lesne. Det er fint om ein av bryllaupsfylgjet kan lesa ein eller fleire av desse tekstane. Det skal veljast 2 til 4 tekstar, minst éin frå kvart av dei to testamenta. Tekstane finn de her.
I kyrkja - pynting, foto & video
Tidspunkt for pynting må ein avtala med kyrkjetenaren, men det er som regel berre høve til å pynta ein time før vigsla. Dersom det er fleire vigsler same dag, vert det svært liten tid til å pynta mellom vigslene. Då bør brudepara snakka med kvarandre på førehand og verta samde om felles pynting. Kyrkjekontoret kan fortelja om det er fleire vigsler på same dag i same kyrkje.

Fotografering, video

Det er vanleg at brudeparet pleier å spørja nokon om å ta ansvar for fotograferinga - gjerne ein som har litt kunnskap om dette å ta gode bilete. Gode bilete ynskjer ein sjølvsagt også frå det som skal skje i kyrkja.

Vi vil difor anbefale at den som skal ta bilete/video tek kontakt med forrettande prest i sakristiet ca. 20 min. før vigsla. Presten vil kunne vi gi gode råd og tips om plassering. Dette vil gjera det lettare for fotografen å ta gode bilete, utan at det vil verke forstyrrande og ta merksemd bort fra sjølve handlinga. Det er uansett ikkje lov å stå bakom presten eller innanfor altarringen.
Program
Mange ynskjer å laga program eller songhefte istadenfor å bruke salmebøker. Snakk gjerne med presten om de har spørsmål, men desse punkta bør iallefall vera med. Alle kyrkjelege handlingar i kyrkjene på Radøy føregår på nynorsk. Difor lyt programmet òg vera på nynorsk.

  • Inngangsmarsj: Namn på musikkstykke og komponist
  • Inngangsord
  • Salme: Teksten ELLER Soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solist(ar)
  • Tekstlesing
  • Salme: Teksten
  • Tale
  • Ekteskapsinngåing
  • Overrekking av ringar
  • Forbøn
  • (Evt. soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solist(ar))
  • Slutningssalme
  • Velsigning
  • Utgang: Namn på musikkstykke og komponist.

Eller du kan laste ned ein fullstendig kopi av liturgien (alt som skjer i kyrkja) her.