Radøy sokn

Dåp

Her finn du ei oversikt over komande gudstenester. Hugs at de må kontakte kyrkjekontoret så snart som mogleg for å gjere avtale om dåp. Dersom de ikkje bur på Radøy, må de ta kontakt med kyrkjekontoret der de bur for å avtale dåpssamtale.
Dåp hjå oss er ein sentral del av gudstenesta og kjem ganske tidlig i gudstenesta. Det er vanleg at dåpsfylgjet kjem inn i kyrkja i prosesjon saman med liturgen (presten) og dei andre medliturgar i byrjinga av gudstenesta.

Ynskje om dåp vert melt til kyrkjekontoret. Vi har dåp dei fleste sundagane i året, men ikkje alltid. Det er ikkje høve til å ha dåp på Skjærtorsdag, Langfredag, 17.mai, konfirmasjonsdagar, Bots- og bededag, Helgemessesundag eller på julaftan.

Kyrkjekontoret tek kontakt med dykk for å gjera avtale om dåpssamtale. Dette skjer som regel veka før de skal ha dåp.

Dåpen – ei gåve

Opningsorda i dåpsliturgien framhev dåpen som ei gåve, som løfte og som inngang til fellesskap både lokalt og globalt. Eit av dei mest kjende versa i Bibelen vert lest: ”For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." Når eit barn vert døypt, seier presten: “Eg signar deg med det heilage krossmerket, til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han.” Dåpen er meint å vera innleiinga til eit liv i tru. Difor vert foreldre og fadrar spurt om dei vil at barnet skal “oppsedast i den kristne forsakinga og tru”. Det er eigentleg ein føresetnad for praktisering av barnedåp: Barnet må forbli i trua, dersom det skal verta bevart hjå Kristus og verta frelst.


Dåpshandlinga

Dåpssalme
Inngang. Liturgen les inngangsorda frå lesepulten eller ein annan stad i koret, vend mot kyrkjelyden.
Føresegna om dåpen
Dåpens forpliktelse
{L} Vil foreldre og fadrar reisa seg.
{L} De som i dag ber dette barnet til Kristus, skal vera vitne om at han er døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: å be for barnet, læra han sjølv å be, og hjelpa han til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at han kan verta verande hjå Kristus når han veks opp, liksom han ved dåpen vert sameint med han.
Forsakinga og trua
{L} Lat oss vedkjennast forsakinga og trua som vi døyper borna våre til.
Kyrkjelyden reiser seg.
Etter den apostoliske truvedkjenninga set kyrkjelyden seg igjen.
Dåpshandlinga
Vatnet vert slege opp i døypefonten av medhjelpar.
{L} ved døpefonten
Lat oss be.
Herre Jesus Kristus, du har sagt at ingen kan koma inn i Guds rike utan at han vert fødd på nytt av vatn og Ande. Vi takkar deg fordi dåpsvatnet ved ditt ord er ei nådekjelde, der du sameinar oss med deg, og gjev oss del i den siger du vann då du døydde og stod opp. No kjem vi på ditt ord og bed deg, Herre, lat den nye fødsel koma ved din skapende Ande.

Barnet vert bore fram til døypefonten. Foreldra og fadrane reiser seg, og går fram til døypefonten.

{L} Kva heiter barnet? (Den som ber barnet, seier fornavnet.)
{L} Vil de at (fornavnet til barnet) skal døypast til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og oppsedast i den kristne forsaking og tru?

Den som ber barnet, svarer: Ja.

{L} Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Eg signar deg med det heilage krossmerket, {+} til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han.

Krossmerket vert slege frå panne til bryst, og deretter fra side til side.
{L} Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.

Medan dette vert sagt, auser liturgen med handa vatn over hovudet til barnet tre gongar.

{L} legg handa på hovudet til barnet og seier:
Den allmektige Gud har no gjeve deg sin Heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Han styrkje deg med sin nåde til det evige liv. Fred vere med deg.
Lovprisning og bøn
{L} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! (1 Pet 1, 3)