Det er mange ulike tilbod som du kan vera med på:
Dessutan har me ulike foreningar og lag, som for eksempel:
Gjevartenesta: konto 3636 50 44141
Frå 1. januar 2004 vart også gåver til kyrkjeleg arbeid gjort skattefrie (kan førast til frådrag på sjølvmeldinga). Føresetnad er at gåva er minst kr. 500 pr år. Elles er føresetnad for skattefritak at gjevaren fører opp namn og fødselsnr. på innbetalingsgiroen. Melding om skattefrie gåver vert innberetta til Kyrkjerådet, som sender melding til skattestyresmaktene.
Då vi fekk statleg prestestilling (kapellanstillinga), og gjevartenesta ikkje lenger trongst til stillinga som kyrkjelydsprest, vedtok sokneråda å halda fram med gjevartenesta og bruka midlane til barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelydane. Vi er særleg glade for det vi har fått til når det gjeld korarbeid blant born og unge. Her er 4-5 kor i sving med ca. 100 medlemer. Konfirmantarbeidet tykkjer vi og går veldig bra. Kyrkjelyden arbeider med koma i gang med Trusopplæringsplanen, som er vedteken i kyrkja, og som det er begynt å koma statleg midlar til. Vi søkte om slike midlar i 2004 og 2005, men nådde ikkje opp i denne omgangen. Men vi prøver igjen. Uansett vil vi alltid vere avhengige av gjevarteneste og frivillig innsats på dette viktige området. Organisert diakoni med bl.a. besøksteneste er og eit felt kyrkjelydane arbeider med. Også i diakonien vil det vera behov for midlar og frivillig innsats.