Sæbø kyrkje, februar 2002Sæbø kyrkje

   

Sæbø kyrkje ligg på Sæbø, sør i soknet.

Telefon: 56 37 35 93
Kyrkjetenar: Kjell Fjellsende
Klokkar: Marie Fjellsende

Under kyrkjekontoret finn du informasjon om prestar og andre tilsette.

Reglar for utleige av kyrkja finn du her.

Høyr, kor kyrkjeklokka lokkar
Med ein høg og heilag klang
Alle folk og alle flokkar
Til ein hugsam kyrkjegang!
Syskin, lat oss kallet fylgja
Yver berg og yver bylgja
Lat oss gå på kyrkjeveg -
Glade både du og eg!

(Hovden)

I 1984 var Sæbø kyrkje 100 år. I samband med det vart det laga eit jubiléumskriv. I samband med 50-årshøgtida i 1934, vart det laga bok om Sæbø kyrkje, skriven av den kjende sogemannen, Johan Litleskare.


Kyrkja fekk nytt orgel til jul i 2000.

Dei siste åra harnok hovudinnsatsen vore knytt til å få eit nytt orgel til kyrkja.

Lokale krefter gjorde ein stor innsats i mange år for å skaffa eigenkapitalen på kr.600.000,- til det nye orgelet som i ein høgtidssam seremoni vart overlevert frå Jemlich Orgelbau Dresden den 10.desember 2000. Den dagen kunne kyrkjelyden ta i bruk eit heilt nytt 16 stemmers pipeorgel som hadde ein totalkostnad på omlag kr.1.600.000,-. Radøy kommune bidrog med resten av finansieringa.

I åra 1999 - 2001 vart både prestestova og barnestova i kyrkja pussa opp, det vart kjøpt inn nytt teppe til midgongaen og i alterringen og montert straum i lysekronene i kyrkjeskipet som det tidlegare hadde vore stearinlys i.