Hordabø kyrkje
![]()
Hordabø kyrkje ligg i Bøvågen.
Telefon: 56 37 35 79
Kyrkjetenar: Sølvi Helen Kvalheim Mjøs
Klokkar Margun
Taule
Under "Staben" finn du informasjon om prestar og andre tilsette.
Reglar for utlån av kyrkja finn du her.
I Bøvågen har det vore kyrkje frå omlag år 1360. Noverande kyrkje vart bygd på tuftene etter den gamle i år 1874-75 og blei vigsla 5. august 1875.
Altertavla er frå 1891.
På slutten av 1940-talet blei kyrkja invendig kledd med plater. Før 100-årsfeiringa blei kyrkja fullt restaurert og tømmerveggane kom fram att i dagen.
Kyrkja fekk sitt første orgel i 1915 og dette blei skifta ut med eit noko større tyskprodusert orgel i 1987.
Her kan du lesa utdrag frå jubiléumsheftet som blei laga til 100-årsfeiringa i 1975.